Stor skogbrannøvelse - pass på grillen i naturenEi stor skogbrannøving vart torsdag gjennomført i Notodden. Brannvesenet starta brannen på eit om lag 25 mål stort areal i området Heståsen i Heddal.

Brannsjef i Notodden kommune, Torgeir Kittilsen, seier at utgangspunktet for øvinga er at det var grilling i skogen som har utløyst skogbrannen.

Øvinga gjekk føre seg i steikande sol i eit område der det var ein skogbrann som vara i fleire dagar for nokre år sidan.

I tillegg til brannvesenet er sivilforsvaret, eit skogbrannhelikopter og skogbrannfly med på øvinga. Folk som passerte Heddal kunne sjå røyken frå den kontrollerte skogbrannen på lang avstand.
Les mer hos NRK Telemark
Lyst på ny bil? Søk Billån til markedets beste rente - 4,95%! Søk om billlån her!